Nyttige snarvegar: Klassereglar - Styret - Rankingpokalar - Terminliste - Falne Seileres Pokal - NM Oselvar - Norgesmestere i Oselvar siden 1978 - Informasjon om boka Oselvaren – den levande båten

Bakgrunnen for boka

Med ein historie p 2000 år er Oselvaren den mest kjende båten på Vestlandet; lett, rask og mjuk i sjøen. Denne båttypen var allemannseige for folk i tidlegare tider. Sidan 1870-talet har Oselvaren vore brukt til kappsegling og kapproing. Oselvaren vart i 1978 godkjend av Norges Seilforbund som Nasjonal klassebåt i 1978, noko som til no har resultert i 25 Norgesmesterskap i Oselversegling.

Om forfattaren

Kjell Magnus Økland. (Cand. mag.) har tidlegare arbeidd som journalist og historikar. Han har segla Oselvar sidan barndommen og sit i styret i Oselvarklubben.

Innhaldet i boka

Boka vert delt i fire delar. Fyrste delen handlar om båten i gamle dagar, korleis båten har utvikla seg, korleis ein byggjer den, eksport av båtar til Shetland og ikkje minst Oselvaren som bruksbÂt. Del to handlar om båten som tevlingsbåt, utviklinga av kappseglinga og korleis ein har berga båten for framtida. Del tre viser korleis du kan ro og segla med Oselvaren. Del fire er eit oppslagsverk. Her finn du klassereglar, resultatlister, ordforklaringar og teikningar.

I tillegg til alt dette vil boka verta spekka med mange bilete som aldri har vore publisert tidlegare. Det vert også rom for dei gode historiane både om båten og om dei som har brukt Oselvaren opp gjennom åra.

Vil du kjøpa boka?

For å finansiera trykkjekostnader er Oselvarklubben avhengig av at du vil tinga boka på førehand. I handelen vil boka kosta kr. 490. Alle som tingar boka før ho går i trykken, får boka til kr. 390,- pr. bok. Dei får óg namnet på Tabula Gratulatoria. Alt ein treng å gjera er å setja inn kr. 390 pr. bok på kontonr. 3624.67.30983 og ta vare på kvitteringa. Ynskjer du å støtta med kr 600,- eller meir, får du namnet ditt prenta sammen med sponsorane som verkeleggjorde boka. Oselvarklubben sender ut brev med kvar du kan henta boka. Bur du utanfor Hordaland, får du boka tilsendt i posten utan omkostningar.